• HEIM
  • PRISAR
  • BUTIKK
  • GALLERI
  • KURS
  • AKTUELT
    • NYHEITER
    • AKTIVITETSPLAN
    • REGLAR
    • FASILITETAR
  • TRENING
    • SPINNING
    • TRENINGSROM
    • BASSENG-TRENING
    • TRENINGS-RETTLEIING
    • SYMJE-RETTLEIING
  • BURSDAG
  • KONTAKT

FASILITETAR


RESEPSJON
SYMJEHALL
TRENING
GARDEROBAR
KONFERANSEROM
DIVERSE

RESEPSJON





I resepsjonen kan ein kjøpe billettar, symjerekvisita, og kioskvarer. Vi har ein koseleg café med god sitteplass. I resepsjonen kan ein registrere medlemskortet sitt automatisk for å unngå kø. Badevertane våre er tilgjengelege om ein treng hjelp eller har spørsmål.



SYMJEHALL





  • På havhesten har vi 25m langt hovudbasseng med 28 grader i vatnet. På det djupaste er det 4m ned til botnen.
  • Terapibassenget vårt er 12,5m langt og har 33 grader i vatnet. Bassenget er òg utstyrt med ein boblebenk for maksimal avkobling.
  • Vi har ei tunnelsklie for både store og små.
    For dei vågale kan ein både hoppa og stupa frå 1m, 3m og 5m.
  • For dei minste har vi eit koseleg plaskehjørne med 33 grader i vatnet.


TRENING





  • Havhesten har eit treningsrom med topp moderne utstyr som bidreg til effektiv og god trening. Alle over 16 år er velkomne til å nytte seg av treningstilbodet vårt - enten du har trent i åresvis eller aldri har løfta ei vektstang før. Vi har òg eit eige rom for spinning, og tilbyr spinningstimer 6 dagar i veka.


GARDEROBAR





Vi har romslege garderobar til både damer og herrar. Knytta til kvar garderobe er eit romsleg dusjom med oppheng og langringsplass for handklede og såpe. Om ein er over 16 år eller saman med ein vaksen kan ein nytte seg av badstua lokalisert i dusjrommet. I tillegg har vi 2 flotte universielt utforma garderobar tilrettelagt med eige dusj og toalett. U.U. garderobane har òg eigen inngang til svømmehallen.



KONFERANSEROM





Vi har eit nytt og topp moderne konferanserom utstyrt med hi-tech langbord, ein stor skjerm for presentasjonar og eit kjøkkenhjørne.

​Vi leiger ut konferanserommet vårt for 900kr per time. Ta kontakt med resepsjonen eller send oss ein e-post på kundeservice@havhesten.no for meir informasjon.



DIVERSE





  • Vi har 2 unisex toalett lokalisert utanfor garderobane.
  • Vi har eigen inngang for skulesymjing. Der kan ein setja ifrå seg sko og jakke.
  • Vi har eigen inngang til universielt utforma garderobar og svømmehallen.
  • Vi har òg ein heis som går til treningsrommet.


KJEKT Å VITE





HJARTESTARTAR




Vi har hjartestartar!



parkering




Vi har gratis parkering dersom man besøkjer Havhesten. Utanom dette tidsrommet er et ikkje tillatt å stå på parkeringsplassen.



ANBEFALINGAR



  • Alle som ikkje er symjedyktige bør bruke armringar.
  • Badekle bør ikkje vaskas med såpe.
  • Lås garderobeskapa for å unngå tjuveri.
  • Ta med deg såpe og handkle når du går inn i dusjrommet.


BADEbutikk




Vi sel badetøy til vaksne og born, symjebriller, badehetter, armringar, og naseklyper.



HAVHESTEN KF



57756720



kundeservice@havhesten.no

magny@havhesten.no