Styrke- og kondisjonstrening er ein av dei beste aktivitetane ein kan gjere for å sikre eit godt og langt liv. Havhesten tilbyr effektiv trening med topp-moderne utstyr , og alle over 16 år er velkomne til å nytte seg av treningstilbodet vårt – enten du har trent i årevis eller om du aldri har løfta ei vektstang før.
REGLAR
For å nytte treningsrommet skal ein vere fylt 16 år.
Trening er på eige ansvar.
Havhesten er ikkje ansvarleg for bortkomne gjenstandar.
Alle som nyttar treningsrommet skal rydde etter seg, og vaske av apparata før- og etter bruk. Bruk microfiberklutane, og ikkje kast dei etter bruk.
Det skal kun brukast innesko på treningsrommet.
Husk eigen handduk.
born skal ikkje opphalde seg på treningsrommet.
Grunna koronasituasjonen kan det være maks 15 personer i treningsrommet om gongen.
Treningstilbod
Treningsrettleiing
Vi kan tilby treningsrettleiing på vårt treningsrom.
Om du vil nytte dette tilbodet kan du ta kontakt i resepsjonen så set vi deg opp på ynskja time. Innføring i treningsteknikk, belastning samt repetisjonar får du av rettleiar. Du vil etter timen også få tildelt eit treningsprogram som passar dine behov.
Vi har bassengtrening m/musikk ons-og fredagar frå kl. 11:00-12:00. Våre dyktige instruktørar er Magny og Brit Helga. For å delta treng du ikkje melde deg på.
Frisklivssentralen har bassengtrening u/musikk måndag kl.15:15-16:15, samt utanom opningstid ons-og fredagar frå kl. 09:00-10:00. For å delta treng du ikkje melde deg på.