Havhesten feirar 25 år
Måndag 17. november markerer vi eit stort jubileum – Havhesten fyller 25 år!
I det høve har vi sett i gang ei jubileumskampanje som varer ut året. Kjøp ei årskontrakt og få ein månad heilt gratis!
​
Vi håpar de vil feire saman med oss frå klokka 14:00 og utover. Det vert servert gratis kaffi og kake til alle våre gjestar, og born får sjølvsagt gratis is. Kom og feire denne store dagen med oss!

Aktiviteter

Vanntrim
Vi tilbyr vanntrim med og uten musikk fleire gongar i veka, både på dagtid og kveldstid. Kom og bli med på litt tøy og bøy!

Treningsrettleiing
Ynskjer du å komme i gang med trening, men treng litt hjelp?
Vi tilbyr treningsrettleiing der ein får innføring i treningsapparat samt et treningsprogram skreddersydd til dine behov.
Kurs for barn
Vi tilbyr kurs for barn frå 3 månader og opp til 8 år. Kursa går over 10 gonger og vi legg vekt på at dette er ein aktivitet som dei føresette gjer saman med barna sine.

Symjerettleiing
Symjing vert kjekkare med rett teknikk, og Havhesten tilbyr no symjerettleiing for vaksne. For nybegynnarar vil ein kunne få innføring i dei ulike symjeteknikkane. Timen vil bli skreddarsydd etter behov, og eignar seg for både nybegynnarar og dei som er litt meir vidarekomne.


