Havhesten Mette Gundersen

  • Hovudbassenget i Havhesten rommar 800 000 liter vatn.
  • Terapibassenget rommar 180 000 liter vatn.
  • Dagleg er det 250 små og store innom Havhesten - heile året!
  • Alt dette vatnet blir rensa heile tida, slik at det til ei kvar tid er reint, blankt og hygienisk.
  • Havhesten stod ferdig i 2000, og etter 17 år treng Havhesten eit ansiktsløft.
  • I løpet av sommarhalvåret 2018 skal Havhesten pussast opp, og bli ein endå betre plass å vere og trene.
  • Du som har årskort eller andre typar periodekort skal ikkje tape pengar på at Havhesten skal vere stengt ein periode.

 

Havhesten er ein fantastisk treningsplass, der du kan trene ”alt” – frå spinning og styrketrening til svømming og trim i vatn, fortel gjengen som står på for at Havhesten skal vere ein trygg og god plass for badarar i alle aldrar. Badevertane gjer ein fantastisk jobb, seier dagleg leiar Mette Gundersen. I tillegg til å vere badevakter, sørger dei for den tekniske drifta, sal og service i kaféen og ikkje minst reinhald av heile anlegget.

No gler vi oss til at anlegget skal rustast opp, fortel dei blide vertane. Etter planen skal garderobane bli varmare og vatnet i bassenget få ein meir stabil temperatur. Ja, både lufta og vatnet i Havhesten blir mykje betre.

Havhesten tilsette

Vi gler oss til at vi kan gjenopne eit nytt og betre bade- og treningsanlegg, fortel denne blide gjengen. Dei er stolte av arbeidsplassen sin og står på for at alle brukarar av Havhesten skal få ein så god oppleving som mogleg – både før og etter oppussing. Frå venstre: Mette Gundersen, John Mehammer, Brit Helga Tødenes, Magny Rogne, Sandra Madsen Jacobsen, Malin Eikeland og Johanne Os.

 

Sjå artikkel i Firdaposten 17. november 2017

Svømmehallen

mandag
11-12
10:00 - 20:00
tirsdag
12-12
06:30 - 20:00
onsdag
13-12
10:00 - 20:00
torsdag
14-12
06:30 - 20:00
fredag
15-12
10:00 - 20:00
lørdag
16-12
10:00 - 15:30
søndag
17-12
10:00 - 15:30

Treningssenter

mandag
11-12
09:00 - 20:30
tirsdag
12-12
06:30 - 20:30
onsdag
13-12
09:00 - 20:30
torsdag
14-12
06:30 - 20:30
fredag
15-12
09:00 - 20:30
lørdag
16-12
10:00 - 16:00
søndag
17-12
10:00 - 16:00