havhesten anita aaseÅ starte dagen med ein tur i Havhesten er fantastisk bra, om ein skal tru den gjengen som går der fast, kvar einaste tysdag og torsdag morgon. Det gir ein skikkeleg ”boost” på dagen, seier Aase Ulriksen, og ho bør vite kva ho snakkar om. Saman med Anita Norstrand og Eva Wiik Strømgren har ho stått opp lenge før vi andre orkar å tenke på det, tatt rutebåten frå Fanøy inn til Florø og kasta seg i Havhesten. Dette har dei tre damene bala med sidan badeanlegget opna i år 2000.

Då eg kom flyttande frå Trondheim, var eit badeanlegg det eg sakna mest her i Florø, minnast Eva. Eg vart så glad då Havhesten opna, og no 17 år etter er ho framleis ei av stamgjestane i bassenget. Anita Norstrand er klar på kvifor ho svømmer mil etter mil – år etter år. – Eg likar rett og slett å svømme, og det er utruleg god trim. Eg brukar heile kroppen og det er ingen fare for skade eller slitasje med svømming.

Glade og gale
At ein del av oss hoppar i sjøen etter svømmeturen i bassenget er berre litt ekstra krydder. Den største effekten av sjøbadet er nok at vi blir litt ekstra glade og gale, ler Ann-Jeanett Mølster, som er nykomling mellom dei rutinerte badarane. Eg har nettopp starta opp på denne galeien, og eg er kjempeimponert over dei som har svømt her år etter år. Ho meiner sjølv at det har hatt stor helse-effekt for hennar del. Det er god stemning i damegarderoben, og damene som gjer seg klar for ein ny arbeidsdag drikk kaffi og fønar håret om eit anna. – Når ein får starte dagen med svømming, sjøbad, kaffi og ein god latter i garderoben blir det garantert ein god dag smiler damene som er ferdige med dagens trim i god tid før klokka 8 om morgonen.

Tur retur Lofoten
Dag Eliassen er og ein av dei som har vore fast gjest i Havhesten sidan opningsdagen. Som revisor får han stå for den matematiske statistikken; Kvar veke svømmer han 2,5 kilometer og utrekna på 40 veker utgjer det 100 kilometer på eit år. Etter 17 år har altså Dag svømt 170 mil i Havhesten. Det betyr at han har svømt frå Florø til Lofoten tur – retur. Kvar tysdag og torsdag er han i Havhesten frå klokka 6.30 til 7.15 og til saman blir det 1020 timar. – Jammen er det mange verre ting eg kunne brukt den tida til, ler Dag. Eg er jo rett og slett heldig, seier han. Eg syklar forbi Havhesten på veg til jobb, og det er jo rein luksus å kunne ta ein svømmetur undervegs.

Blide vertar gir glade gjestar
No gler eg meg til at Havhesten skal bli oppgradert, seier Dag Eliassen. Eg håpar badeanlegget etter oppussinga blir like bra som dei som jobbar her – for dei er av topp kvalitet. Alle morgonsymjarane er imponerte over vertane på Havhesten. Vi ser at anlegget er nedslite, men dei gjer ein kjempejobb for at alt skal fungere og at vi skal ha det bra – og så er dei jo så blide, smiler ein fornøgd badegjeng.

havhesten dag

havhesten garderobehavhesten kaffianita

 

 

 

 

 

 

 

Vi er heldige som kan starte dagen med ein svømmetur, eit hopp i havet, kaffi og ein god latter før arbeidsdagen startar.

Svømmehallen

mandag
11-12
10:00 - 20:00
tirsdag
12-12
06:30 - 20:00
onsdag
13-12
10:00 - 20:00
torsdag
14-12
06:30 - 20:00
fredag
15-12
10:00 - 20:00
lørdag
16-12
10:00 - 15:30
søndag
17-12
10:00 - 15:30

Treningssenter

mandag
11-12
09:00 - 20:30
tirsdag
12-12
06:30 - 20:30
onsdag
13-12
09:00 - 20:30
torsdag
14-12
06:30 - 20:30
fredag
15-12
09:00 - 20:30
lørdag
16-12
10:00 - 16:00
søndag
17-12
10:00 - 16:00