julefrukost Her i Havhesten er vi prega av førjulestemning. Vi pyntar rundt oss og gjer det vi kan for at folk ikkje skal stresse for mykje no framfor jul.

I dag laga vi til julefrukost for morgonbadarane. Då stiller dei tilsette med heimelaga brødbakst og elles bugnar bordet av alle slags gode julesaker.

 

- Å, så koseleg!

- Å, så godt!

Stemninga er god når gjengen som startar dagen med å svømme 1000 meter kan benke seg ved det julepynta frukostbordet. I dag var det 14 stykke som gjekk gode og mette frå Havhesten til jobb rundt klokka 8.00. Dette er blitt ein god tradisjon som både vi som jobbar her og dei morgonfriske badarane set stor pris på. Det er ekstra kjekt å kunne pynte fint med lys og julestæsj, når tilbakemeldingane er så gode.

Vi ønskjer alle brukararne av Havhesten ei framleis god førjulstid! Hugs å stresse ned med eit førjulsbad.

- Kanskje årets julegåve skal vere eit kort i Havhesten?

 

julefrukost morgonbad

Morgonbadarane kosa seg med julefrukost torsdag 14. desember - GOD JUL!

Svømmehallen

mandag
23-07-18
10:00 - 20:00
tirsdag
24-07-18
06:30 - 20:00
onsdag
25-07-18
10:00 - 20:00
torsdag
26-07-18
06:30 - 20:00
fredag
27-07-18
10:00 - 20:00
lørdag
28-07-18
10:00 - 15:30
søndag
29-07-18
10:00 - 15:30

Treningsrom

mandag
23-07-18
09:00 - 20:30
tirsdag
24-07-18
06:30 - 20:30
onsdag
25-07-18
09:00 - 20:30
torsdag
26-07-18
06:30 - 20:30
fredag
27-07-18
09:00 - 20:30
lørdag
28-07-18
10:00 - 16:00
søndag
29-07-18
10:00 - 16:00