svomlangt_18Treng du litt ekstra motivasjon for å komme i gong med trimmen i det nye året? Havhesten og andre svømmeanlegg i Norge gir deg sjansen til god trim og flotte premiar i 2018!

Årets svømmekampanje kan hjelpe deg på rett veg. Frå 1. Januar 2018 kan du starte med ny frisk innsats i Havhesten. Då har du 90 dagar på deg til å svømme 10 000 meter, for barn under 13 år er kravet 2 500 meter. Du vel sjølv om du vil svømme 112 meter kvar dag, 800 meter for veka eller kanskje 2000 meter annan kvar veke? Fart og mengde bestemmer du sjølv, det viktigaste er at du gjennomfører 10 000 meter – og registrerer at du gjer det.

Slik svømmer du til KOS i Hellas:

• Gå inn på nettsida www.svomlangt.no
• Registrer ny deltakar og fyll ut skjema
• Du kan registrere heile familien om du vil
• Eventuelt kan du bruke papirskjema som du får i resepsjonen på Havhesten
• Då er du klar for å svømme og registrere meter for meter, frå 1. januar til 31. mars

Registrer på mobil:
• Via nettlesar på mobilen går du inn på svomlangt.no
• Logg inn, og så lagrar du skjermbildet på ”Hjem-skjermen” på mobilen.
• Registrer svømminga di direkte på mobilen etter kvar svømmeøkt

Premiar:
Alle som klarer måla i kampanjen er med i trekkinga av hovudpremien, som er ei vekes ferie på øya Kos i Hellas, i tillegg til fleire andre premiar (sjå plakat/bilde).

Velkommen til Havhesten i 2018 – og god svømmetur!

svomlangt_18

Svømmehallen

mandag
23-04
10:00 - 20:00
tirsdag
24-04
06:30 - 20:00
onsdag
25-04
10:00 - 20:00
torsdag
26-04
06:30 - 20:00
fredag
27-04
10:00 - 20:00
lørdag
28-04
10:00 - 15:30
søndag
29-04
10:00 - 15:30

Treningsrom

mandag
23-04
09:00 - 20:30
tirsdag
24-04
06:30 - 20:30
onsdag
25-04
09:00 - 20:30
torsdag
26-04
06:30 - 20:30
fredag
27-04
09:00 - 20:30
lørdag
28-04
10:00 - 16:00
søndag
29-04
10:00 - 16:00